Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Magne Langåker viser «Fjordlangs» i Galleri Giga

Galleri Giga opnar utstillinga ”Fjordlangs” laurdag 03.09. kl 1300. Magne Langåker viser fotografi.
PRESSEMELDING:

Det er med stor glede vi no presenterar fotografen Magne Langåker med ei separatutstilling i Galleri Giga.

Fotografia har motiv frå området der sjø møter land. Dei minnar om den såkalla lyriske (naturbaserte) abstraksjonen vi ser i norsk kunst i 1950-åra. Den lyriske abstraksjonismen er ei retning mest basert på naturinntrykk. Magne Langåker han sin eigen personlige stil, nokre bilete er i ein gråtona koloritt og med strenge, stiliserte flater. Sjølv fargebilda har avklåra, monumentale former og linjer, som i framstillinga si gjer landskapet abstrakt.

Magne Langåker er født i 1953 i Haugesund. Han har vore busett på Stord sidan 1976.
Langåker er utdanna adjunkt og er sjølvlærd som fotograf. Han har arbeid i 24 år i reklamebyrå, med mykje ulikt innan kommunikasjonsfaget, med alt frå strategiprosessar, konsulentarbeid, kommunikasjonsrådgjeving, tekst, grafisk arbeid, fotografering, videofilming, videoredigering, lydopptak og meir til. Langåker er ein mann som likar nye utfordringar og har gjennom åra bygd opp ein allsidig kompetanse innan fleire område i faget.

Sidan 1982 har han retta si verksemd mot kundar innan næringslivet og det offentlege i Sunnhordland og Haugesund-regionen. Eidesvik Offshore, Caiano, Haugaland Kraft, Steinsvik Group, Hatteland, Wärtslilä Norway er nokre av bedriftene. Magne Langåker jobba og som frilans filmfotograf for NRK i mange år.

Fotografi er nok det som engasjerer Magne Langåker mest. Han har reservert ein dag kvar veke til foto- og filmoppdrag som eigenutvikling. Det gir ei fin avveksling og er ei god supplering til hovudjobben hans, som er merkeleiing (Brand Manager) i Steinsvik-gruppen. Han arbeider også ein del med fotografering og filming i den jobben. Arbeidet som fotograf går for det meste ut på å ta redaksjonelle bilete til kundemagasin og websider, bilete til brosjyrar og å produsera informasjonsfilmar.

Magne Langåker seier sjølv: ”Eg har mange hobbyar. Fotografering og videofilming har eg jamvel gjort til levebrød. – Ein annan kjærleik eg har er fisking. Å dorga etter laks og sjøaure i Åkrafjorden der me har hytte, er noko av det kjekkaste eg gjer. Medan eg sig sakte langsmed land og ventar på napp, tek eg inn landskapet i sine skiftande former og lys. Der det bratte fjellet møter fjorden finn eg ro og inspirasjon. Og mange motiv. For nokre år sidan byrja eg å ta med kamera på dorgeturane. Det har eg halde fram med til no.”

Utstillingar:
2007 ”Landskap & detaljar”, Stord Kunsthall (saman med Jan Rabben)
2010 ”Kinomo jubilemsutstilling” (modist Kirsti Nordberg Moe), Sunnhordland Museum 2010. (utstillingsdesign/fotografi)
2010 ”Fjord Impressions”, Norway Now i Brüssel (kollektivutstilling/prosjektleiar/utstillingsdesign)
2011 ”Så hatten passer”, Dokken Museum i Haugesund (hatteutstilling/fotografi)

Bøker:
2001 ”Stord-handboka” (tekst: Svein Olav Langåker/foto: Magne Langåker)
2007 ”I glede og sorg”, jubileumsbok om Stord Kyrkje (bilderedaktør, foto, grafisk produksjon)
2009 ”Båtbyggjar i 100 år”, jubileumsbok Oma Baatbyggeri (tekst, design, foto, grafisk produksjon)
2010 ”Silhuettar”, om modist Kirsti Nordberg Moe (redaksjon, foto, design, grafisk produksjon)
2010 ”I godt lag”, sangbok (fotoillustrasjonar, design, grafisk produksjon)

Fotograf Jan Rabben opnar utstillinga.
 -
 -
 -
 -

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu